Chase
Balane 22, modalen
Betalt: Ja
Barnevennlig: Ja
Erfaringsnivå:
Middels
Passetjeneste ønsket:
Chase er ein blandingshund på snart 3 år. Mor var Jack Russel Terrier og far var blanding av Papillion og Yorkshire terrier. Chase er glad, veldig glad. Han trur at alt og alle er venner, og er ikkje redd andre dyr sjølv om kanskje ikkje alle er like glad for å møte han. Einaste er dersom han møter ein flokk med sauer som kjem mot han, då går han som regel bak meg og gøymer seg. Han er veldig kontaktsøkande, ønsker helst ligge inntil deg, eller oppå beina dine. Søv som regel i bur om natta, og er vant til å vera aleine når me er på jobb. Dersom han kjem til eit nytt hus der det er eller har vore andre dyr kjem han mest sannsynlig til å markere, har brukt bleie på han når me er hos andre med dyr, den liker han ikkje og prøver gjerne "springe av seg". Kva evt hundepasser velger å gjere er opp til dei sjølv. Han er vant til andre hunder, størrelse ingen hindring. Vore sosialisert med bl.a ein schæfer, noko chase syns er kjempestas, men ikkje alltid schæferen er like fornøyd. Har sjølv ei jente på 6 år, så barn er ingen problem. Men han kan virke voldsom for dei minste då han liker å hoppe opp og leike. Ikkje alle syns det er like gøy. Alt i alt ein veldig snill og litt naiv hund som elsker tur og kos hvis de får han til å holde seg rolig:)