
Juni
Lærdalsvegen 1685
Betalt: Nei
Barnevennlig: Nei
Erfaringsnivå:
Middels
Passetjeneste ønsket:
Hestehjelp
Juni er ei lita kaldblodshoppe. Blanding av døl og islandshest. Juni er ein fin turhest, men er av og til litt usikker visst ein er aleine på tur. Juni er også litt sta og kan ville bestemme kvar vi skal gå. (helst heim i stallen). På bane er ho likeins, og ein bør ha med pisk for at ho ikkje skal ende opp i utgangshjørnet. Pisken treng ein berre å "tappe" på skulder eller bak. Juni har ikkje lært noko dressur og ho går ikkje på "tøylen". Juni er snill og søt i handtering, men pga manglande preging som føll og seinare, har ho ikkje lært å "vike" for press eller berøring, ho forstår det rett og slett ikkje alltid. Så når du skal ha ho til å flytte seg, "over", kan ho like godt gå på deg som å flytte seg frå deg.